Hameln

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hameln
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Hameln
Hameln is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Hameln-Pyrmont
Grunnlagd 852
Geografi
Flatevidd
 - By

102,30 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

58 696
  1 104/km²
Koordinatar 52°06′0″N 9°22′0″EKoordinatar: 52°06′0″N 9°22′0″E
Høgd over havet 68 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 31785–89, 3250
Telefon-retningsnummer 05151
Bilnummer HM
Heimeside: www.hameln.de

Hameln (engelsk og spansk Hamelin) er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 60 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Weser.

Hameln ligg òg ved foten av dei omliggande fjella Weserbergland, som er ein populær stad for fotturistar og syklistar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen er kjend for folkeeventyret om Rottefangaren frå Hameln (tysk Rattenfänger), ei mellomaldersoge som fortel om tragedien som råka byen i 1284. Utgåva som vart skrive ned av Grimm-brørne er svært populær, og er òg emne i eit kjent dikt av Robert Browning. Sjølv om gamlebyen frå mellomalderen er vakker, er hovudattraksjonen soga om rottefangaren. Kvar søndag om sommaren vert stykke framført av skodespelarar på dei autentiske stadane.

Det vart bygd ei kloster på staden så tidleg som i 851. Ein landsby voks opp rundt klosteret og vart ein by på 1100-talet. Hendinga som soga om rottefangaren omhandlar skal ha skjedd i 1284 og kan vere basert på ei verkeleg hending, men i ei noko anna form enn i eventyret. På 1400- og 1500-talet var Hameln eit lite medlem av Hansaen.

Under trettiårskrigen i juni 1634 tapte general Lothar Dietrich Freiherr von Bönninghausen eit slag nær Hameln mot den svenske generalen von Kniphausen.

Den rikaste perioden for byen byrja i 1664 då Hameln vart ein festnings- og grenseby for hertugdømet Calenberg. I 1867 vart byen ein del av Preussen.

Etter den andre verdskrigen vart fengseleg i Hameln nytta av den britiske okkupasjonsstyrken for tyske krigsforbrytarar. Meir enn 200 av dei vart hengd der, mellom anna Irma Grese og Josef Kramer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hameln