Hamilton Point
Utsjånad
Hamilton Point | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | James Ross Island | ||
- koordinatar | 64°22′S 57°18′W / 64.367°S 57.300°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hamilton Point 64°22′00″S 57°18′00″W / 64.36666667°S 57.3°W | |||
Hamilton Point er eit nes med flat topp på sørsida av innløpet til Markham Bay ved søraustsida av James Ross Island i Antarktis. Det vart oppdaga av ein britisk ekspedisjon under James Clark Ross, 1839–43, som namngav det «Cape Hamilton» etter kaptein William Baillie-Hamilton i Royal Navy, då privat sekretær for Jarlen av Haddington og sidan andresekretær i Admiralty. Neset vart først kartlagd av Den svenske antarktisekspedisjonen under Otto Nordenskjöld, 1901–04, og kartlagd på ny av Falkland Islands Dependencies Survey i 1953.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Hamilton Point». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hamilton Point» (innhald frå Geographic Names Information System).