Handball-NM 1988/89 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1988 for menn vart vunnen av Viking Håndballklubb gjennom finalesiger 21–17 over byrivalen Stavanger Idrettsforening. Dermed fekk Viking HK sin aller fyrste kongepokal.

Kampar[endre | endre wikiteksten]

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Viking HK – Bækkelaget SK 34–33 eeo
  • Fredenskorg/Ski – Stavanger IF 17–19

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Stavanger idrettshall sundag 8. januar 1989 framfor 5 600 tilskodarar. Etter ein jamn fyrste omgang stod det likt på måltavla, 10-10. I den andre omgangen tok Viking styringa i kampen og ved full tid hadde laget fire fleire mål enn Stavanger IF.

Viking sin toppskårar vart Rune Erland med 9 nettkjenningar. Michael Hald fylgde opp med 7 mål, medan Asle Gran og Arild Akerø skåra 2 gongar kvar, Kjetil Eilertsen noterte seg for eitt mål. Målvakta Arne Roaldkvam vart avgjerande i kampen med sine mange redningar i den andre omgangen.

SIF-måla kom frå Olav Henning Vatne (6), Flemming Hansen (5), Øystein Stray og Per Kristian Michelsen (3, begge). Espen Karlsen stod i mål.

Dommarane Tore Antonsen og Torgeir Schjerven straffa Viking med fem tominutts-utvisingar og Stavanger med seks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]