Handball-NM 1989/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1989 for menn vart vunne av Sandefjord Turn- & Idrettsforening gjennom finalesiger 26 – 25 mot Kragerø Idrettsforening etter ekstraomgangar.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Fredensborg/Ski – Kragerø IF 17 – 19
  • Sandefjord TIF – Stavanger IF 27 – 21

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Skienshallen sundag 10. desember 1989 framfor 4 00 tilskodarar. Kragerø styrte kampen og leia 12-10 ved pause. Også i den andre omgangen leia laget frå Telemark, heilt til ein tabbe førte til at Sandefjord fekk tak i ballen og utlikna til 21-21 eit par-tre sekundar før ordinær tid var ute. Etter to jamne ekstraomgangar kneip Sandefjord kongepokalen med sine 26 mot Kragerøs 25 mål.

Sandefjord sine mål kom frå Henning Haugan (5), Karl Erik Bøhn (5), Knut Arne Iversen (4), John Petter Sando (4), Ole Gustav Gjekstad (3), Erik Holmer (3), Michael Rath (1). Også målvakta Gunnar Fosseng noterte seg for ei skåring.

Arve Muffetangen vart toppskårar for Kragerø med sine 7 nettkjenningar. Dag Sjøstrøm og Simen Muffetangen skåra 6 gongar, medan Bjarne Sten Jørgensen, Kjell Ove Aasen og Espen Eidissen stod for høvesvis 3, 2 og 1 mål.

Dommarane Ole Strand og Bjørn Erik Børresen straffa Sandefjord med tre 2-minuttsutvisingar og Kragerø med heile 7.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]