Karl Erik Bøhn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Erik Bøhn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. februar 1965
Sandefjord
Død

2. februar 2014 (48 år)
Tønsberg

Idrett handball

Karl Erik Bøhn (14. februar 19652. februar 2014 var ein norsk handballspelar og -trenar frå Sandefjord. Han deltok i 126 landskampar for Noreg i tida 1986-93.

Bøhn trente Drammen HK 1998-2000. Sidan var han trenar for Larvik HK frå 2005 til vinteren 2011. Han leidde då laget til siger Cupvinnarcupen 2008, og til semifinalespel Meisterligaen 2010. Alle desse sesongane vann Larvik den norske handballserien. Frå august 2011 var han landslagssjef for Ungarn på kvinnesida, og frå november same året også for topplaget Győr. Under Handball-EM 2012 tok Ungarn bronsemedalje.

Vinteren 2013 fekk Bøhn påvist blodkreft, døydde eitt år seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.