Handball-NM 2000/01 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Noregsmeisterskapen i handball 2000/01 for menn vart vunne av Sandefjord Turn- & Idrettsforening etter finalesiger 22 – 20 over byrivalen IL Runar.

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 28. april 2001 framfor 3 432 tilskodarar. Ved pause leia Runar med 11 mot 10. Også andreomgangen vart jamn, før Sandefjord kom i føringa og til sist vann med 2 fleire mål enn Runar.

Thomas Pettersen vart toppskårar for Sandefjord med 6 nettkjenningar. I mål stod kapteinen Marinko Kurtovic ein god kamp, sentrale spelarar elles var danskane Kim G. Jacobsen og Jan Kirkegaard, samt den norske kantspelaren Eivind Ellingsen.

Jarl Trollerud skåra 6 mål og vart toppskårar for Runar.

Dommarane Bjørn Erik Børresen og Øyvind Togstad straffa begge laga med to 2-minuttsutvisingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]