Handball-VM 1995 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen i handball 1995 for menn vart avvikla i dagane frå 7. til 21. mai på Island. For fyrste gong deltok 24 land i turneringa. Noreg var ikkje kvalifisert.

Etter gruppespel fylgde utslagsspel med åttedels-finalar, kvartfinalar, semifinalar, finale og ulike plasseringsspel- og kampar. Frankrike sitt mannskap vart verdsmeistrar for aller fyrste gong. I finalen mot Kroatia sigra laget 23–19. Sverige slo Tyskland 26–20 i kampen om bronseplassen.

VM-finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen fann stad i Laugardalshöll i Reykjavik, med 4 900 tilskodarar på tribunane. Dommarane Svein Olav Øie og Bjørn Høgsnes var frå Noreg. Frankrike tok styringa av kampen gjennom den fyrste omgangen, og ved pausestod det 11–6 i fransk favør. Då finalen var over stod det 23–19 på måltavla.

For Frankrike skåra Stéphane Stoecklin 8 mål, Guéric Kervadec, Gaël Monthurel, Grégory Anquetil, (3, alle), Denis Lathoud, Jackson Richardson, (2, begge), Frédéric Volle og Laurent Munier kvar sitt mål. Målvakt: Yohann Delattre.

Kroatane Zvonimir Bilić og Patrik Ćavar noterte begge seg for 5 nettkjeningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]