Jackson Richardson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jackson Richardson


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 14. juni 1969 (54 år)
Saint-Pierre
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen, L'Équipe Champion of Champions, Årets handballspelar frå IHF

Jackson Richardson (fødd 14. juni 1969) er ein fransk tidlegare handballspelar, fødd på Reunion. Han vart verdsmeister 1995 og 2001 med Frankrike sitt landslag og vann EHF-meisterligaen 2001 for spanske Portland San Antonio. Richardson var spelstyrar i angrep.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Richardson slo gjennom hos Paris-Asnières i åra 1989-91. Frå 1991 til 1996 var han aktiv for det franske topplaget Vitrolles frå Marseille. Med dette laget vann han EHF-cupvinnarcupen 1993 og han vart to gongar nasjonal cupmeister og to gongar nasjonal seriemeister. Sidan gjorde han teneste i tyske Großwallstadt, der han våren 2000 avslutta med å yte sitt til at laget triumferte i EHF-cupen. Endå meir suksess fekk han 2000-05 hos spanske Portland San Antonio. Høgdepunktet kom då laget i 2001 gjekk heilt til topps i meisterligaen. Tre år seinare vann han og laget den europeiske cupvinnarcupen. Han fekk òg med seg tre nasjonale triumfar, to i serien og ein i cupen. Til sist spelte han 2005-08 for Chambéry Savoie, og i 2009 kortvarig for tyske Rhein-Neckar Löwen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Richardson var i årevis ein sentral spelar på det franske landslanget, deltok i 417 landskampar og skåra 787 mål i tida 1990 til 2005. Etter OL-bronse i 1992 og VM-sølv i 1993, lukkast Frankrike vinne VM-finalen 1995 på Island med 23–19 over Kroatia. Richardson vart då kåra meisterskapens beste spelar. Sidan vart det bronse i VM 1997, før det vart gull i VM 2001 på heimebane. I finalen mot Sverige skåra han 3 mål i ein kamp som gjekk til ekstraomgangar før vertslandet kunne heve pokalen. Medaljehausten heldt fram med bronse i VM 2003 og VM 2005.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Sommar-OL 1992: Bronsemedalje, 24-20 mot Island
  • VM 1993: Sølvmedalje, 19-28 mot Russland
  • VM 1995: Gullmedalje, 23-19 over Kroatia
  • VM 1997: Bronsemedalje, 28-27 mot Ungarn
  • VM 2001: Gullmedalje, 28-25 over Sverige
  • VM 2003: Bronsemedalje, 27-22 mot Spania
  • VM 2005: Bronsemedalje, 26-25 mot Tunisia
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 2001 for Portland San Antonio
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 1993 for Vitrolles og 2004 for Portland San Antonio
  • Vinnar av EHF-cupen: 2000 for Großwallstadt
  • Fransk seriemeister: 1993 og 1995 for Vitrolles
  • Fransk seriemeister: 1994 og 1996 for Vitrolles
  • Spansk cupmeister: 2001 for Portland San Antonio
  • Spansk ligameister: 2002 og 2005 for Portland San Antonio

Kjelder[endre | endre wikiteksten]