Handbook of the Cornish Language

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

A Handbook of the Cornish Language, eller A Handbook of the Cornish Language chiefly in its latest stages with some account of its history and literature, er grunnlaget for revitaliseringa av kornisk språk. Boka vart skrive av Henry Jenner, og ho kom ut i 1904.

Arbeidet med boka starta etter at organisasjonen Cowethas Kelto-Kernuak (det keltisk-korniske selskapet) hadde vorte stifta i 1901, noko som førte til interesse for å lære seg kornisk. Sekretæren i organisasjonen, Duncombe Jewell, oppfordra Henry Jenner til å skrive ein grammatikk i kornisk.

Resultatet, A Handbook of the Cornish Language vart utgjeve i 1904. Boka er ikkje stor, 208 sider i lite format. Ho inneheld to delar. Den første delen er ei historie over det korniske språket, som etter å ha plassert kornisk i den keltiske språkfamilien legg vekt på den ytre språkhistoria, utviklinga av skriftspråket, ein gjennomgang av klassisk kornisk litteratur, og assimileringsprosessen.

Den andre delen av boka er ein kornisk grammatikk, med ein relativt grundig uttaledel, lydlære, morfologi, og eit separat prosodikapittel. Boka inneheld ikkje ein separat syntaksdel, det som står om syntaks kjem indirekte fram via morfologikapitlet. Boka rundar av med ei drøfting av korniske stadnamn, som viser tydinga til korniske namn i bruk i Cornwall, og ein bibliografi over tilgjengeleg kornisk litteratur.

Handboka spelte, trass i at ho er ei lita bok, ei stor rolle i revitaliseringsprosessen. I forordet presenterer Jenner grunnlaget for den korniske målreisinga:

Korfor skal dei korniske (Cornishmen) lære kornisk? Det er ikkje noko pengar i det, det har ikkje praktiske grunnar, og litteraturen er liten og ikkje av stor original verdi. Spørsmålet er rett og rimeleg, og svaret er enkelt. Fordi dei er korniske. (Handbook, s. xi)

Viktigare enn den språkpolitiske retorikken var den klåre pedagogiske grammatikken, som gjode det mogleg å studere kornisk i ein periode då interessa for kornisk språk og kultur for alvor tok seg opp. For dei første generasjonane av revitaliserarar var Handboka den einaste kjelda å gå til, sjølv om dei sakna både ei oppgåvebok og ei ordbok.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]