Henry Jenner
Henry Jenner | |||
| |||
Fødd | 8. august 1848 Cornwall | ||
---|---|---|---|
Død | 8. mai 1934 Hayle | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | Keltiske språk | ||
Yrke | bibliotekar, omsetjar, arkeolog, bibelomsetjar | ||
Institusjonar | British Museum | ||
Ektefelle | Kitty Lee Jenner | ||
Medlem | Society of Antiquaries of London Goursez Vreizh Gorsedh Kernow |
Henry Jenner (8. august 1848–8. mai 1934) var ein keltolog og cornisk aktivist, og hovudpersonen attom revitaliseringa av kornisk.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Jenner vart fødd i St. Columb i Cornwall som son av Henry Lascelles Jenner. I 1871 fekk Jenner ein post i The Department of Ancient Manuscripts i British Museum.
Arbeid for kornisk
[endre | endre wikiteksten]I 1875 heldt Jenner eit foredrag i The Philological Society i London, temaet var manx. Neste år heldt han eit foredrag om kornisk. I 1877 oppdaga han førtito liner av eit mellomalder skodespel i kornisk frå ca. 1450.
I 1903 danna Jenner den første korniske språkorganisasjonen, Cowethas Kelto-Kernuak. Året etter søkte han på vegne av Cornwall om medlemskap i The Celtic Congress. Kort tid etterpå publiserte han den svært viktige boka Handbook of the Cornish Language, denne boka danna grunnlaget for den korniske revitaliseringa. Boka inneheld ei oversikt over den korniske litteraturen, ei uttalerettleiing og ein grammatikk. Det korniske språket i handboka var basert på språket i dei vestre delane av Cornwall på 1700-talet, til skilnad frå normalen til eleven hans, Robert Morton Nance, som seinare kom til å danne ein ny normal basert på mellomalderkornisk.
Livsmottoet sitt oppsummerte Jenner slik : «The whole object of my life has been to inculcate into Cornish people a sense of their Cornishness.»
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Jenner, Henry 1904: A handbook of the Cornish language : chiefly in its latest stages with some account of its history and literature. London : D. Nutt (opptrykk: New York : AMS Press, [1982])
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Engelsk Wikipedia
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Litteratur
- Nettstader
- Henry Jenner (Gwas Myghal) på Gorseth Kernow si heimeside
- Henry og Katharine Jenner på ei feiring av Cornwalls kultur, språk og identitet Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- Om kornisk?
- Døme på kornisk etter Jenner si rettskriving:
- Markusevangeliet Arkivert 2006-01-15 ved Wayback Machine. (4 kapittel)
- Dhô'm Gwrêg Gernûak (dedikasjon til Handbook of the Cornish Language)