Hanekamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanekamo i Tamil Nadu i 2011.

Hanekamp er ein dyreidrett der ein arrangerer ein kamp mellom to spesielt oppdretta hanar. Kampar føregår som regel til ein hane døyr eller ikkje kan slost meir, og blir i dag gjerne rekna som ein blodsport som er forboden i mange land.

Kamphanar er særskilde hønsetypar som liknar meir på ville jungelhøns enn mange andre tamhøns.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hanekamp er ein særs gammal aktivitet. Ein utbreidd teori om domestiseringa av høns seier at det først og fremst var for denne bruken folk heldt fuglane, og ikkje for egga eller kjøtet.[2]

Hanekamp som underhaldning ved eit bryllaup i Mexico i 2006.

Hanekamp blei arrangert som folkeforlysting blant grekarar og romarar i antikken. Det var lenge utbreidd i Europa, og er framleis populært i Latin-Amerika, Karibia og Søraust-Asia i samband med veddemål. I dag har fleire land forbod mot arrangement av hanekampar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cockfighting». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica, inc. 17. februar 2017. 
  2. «Domestication». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica, inc. 31. mars 2017. 
  3. «Hanekamp». Store norske leksikon. 14. februar 2009. 
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.