Hane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galande hane frå Filippinane.

Hane (norrønt hani) er namnet på hannen av tamhøns. Det kan også visa til hannfuglen hjå andre hønsefuglar saman med artsnamnet, som i kalkunhane, fasanhane, orrhane, påfuglhane og så vidare.[1] Motsvaret for hoer er høne, medan avkommet som regel blir kalla kylling.

Hanar er kjenneteikna av galing og at visse fjører er lengre, meir skinande og gjerne meir fargerike enn dei til høner av same art. Dei er særleg kjenneteikna av lange fjører i halen og rundt halsen. Hanar har gjerne større og meir opprette kammar enn høner. Dei har også større sporar, eller sporar der hønene av same type ikkje har spore.[2]

Hanegaling[endre | endre wikiteksten]

Video av ein galande hane.
Det lange galet til ein Bergische Kräher.

Dei fleste hanar byrjar å gala før dei er fire månader gamle. Utvikling av galing og lengre halsfjører er nokre av dei sikraste teikna på kjønnet til høns.[3]

Sjølv om ein gjerne knyter hanegal til morgongryet, like etter at hanen vaknar opp, kan hanar gala kva tid som helst på dagen. Kor mykje hanar gjel i løpet av dagen varierer mellom individ og typar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Hanekamp[endre | endre wikiteksten]

To hanar i kamp i Tamil Nadu.

Hanekamp er ei tevling mellom to hanar som ein set mot kvarandre for å slost. Ein utbreidd teori om domestiseringa av høns seier at det først og fremst var for denne bruken folk heldt fuglane, og ikkje for egga eller kjøtet.[4] Kampen kan enda med død eller store skadar for hanane som tek del, og aktiviteten er forboden i fleire land.[5]

Kapunar[endre | endre wikiteksten]

Kapun er ein hane som er blitt kastrert tidleg i livet. Dette er ein tradisjonell måte å oppnå ein slaktefugl med velsmakande kjøt på, men kapunering er forbode fleire stader, som i Noreg.[6]

Hanar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Mytologi og folketru[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Bilde av Athene og to hanar på søyler på ein gresk vase frå 500-talet f.Kr.

I gresk mytologi symboliserte hanen kamplyst og årvakenheit. Han var knytt til krigsguden Ares, solguden Helios og Foibos Apollon. Ein meinte at hanen var eit offer gudane sette særleg stor pris på. Ein brukte difor ofte hanar som offerdyr, mellom anna til guden for legekunst, Asklepios, av sjuke som var blitt friske. Hanen var også knytt til andre guddommar, som Hermes og Pallas Athene, og er ofte avbilda i gresk kunst.[7]

I det gamle Persia trudde ein at hanegal jaga bort vonde ånder.[7] I parsismen var hanen ei symbol på lys som var knytt til det gode sin kamp mot det vonde.[8]

Hinduismen[endre | endre wikiteksten]

Hanekamp på Bali.

Innan nokre former for hinduisme blir hanekamp brukt som eit religiøst rituale. I balinesisk hinduisme er skikken kjend som Tabuh Rah, og det spilte blodet skal verka reinsande og skremma vekk vonde ånder. Hanekampar som følgjer komplekse rituelle reglar finn gjerne stad utanfor tempel.[9] Altar til og avbildingar av guddommen Ida Ratu Saung kan visa kamphanar.[10]

Innan theyyam-tradisjonen i Nord-Malabar i Kerala blir hanar ofra til gudane gjennom ein hanekamp. Dette er ein skikk som skil seg frå vedisk eller sattvisk hinduisme, djainisme og buddhisme.[11] Ein finn likevel også hanekampar i samband med indisk høgtider andre stader, som pongal og makar sankranti i Tamil Nadu og Gujarat.[12]

Norrøn mytologi[endre | endre wikiteksten]

I norrøn mytologi er tre hanar som gjel eit teikn på Ragnarok. Ein av dei er den gylne Gullinkambi hjå æsene, ein annan er raud og høyrer til hjå jotnane, og ein er sotraud og finst i Helheim. Også i norrøn tradisjon hadde hanen symbolsk tyding og blei ofra til gudane.[7]

Kristendom og europeisk folketru[endre | endre wikiteksten]

Glasmåleri av Sankt Peter og hanen.

I kristendommen var hanen også symbol på årvakenheit, og hanegal om morgonen stod for frelse frå vonde makter. Men han blei også eit symbol på apostelen Peter si fornekting av Jesus.[7]

I Europa i mellomalderen tok ein galing til uvanlege tider og stader som eit dårleg varsel. I gammal norsk folketru kunne det til dømes vera eit dårleg varsel om hanen gol om kvelden. Då skulle ein kjenna på føtene til hanen, og om dei var varme, varsla dei om brann, mens om dei var kalde, varsla dei om drukning. Hanen kunne også hjelpa til med å finna lik etter drukningsulukker. Om ein tok hanen med seg i båten, meinte ein at han ville gala når han var over liket.[7]

Mirakelet med hanen og høna er ei legende knytt til Santo Domingo de la Calzada i Rioja, langs valfartsvegen til Santiago de Compostela. Ein ung mann blei urettmessig dømd for tjuveri, og avretta. Uskulda hans blei bevist ved at ein hane og høne som var blitt slakta og steikt reiste seg levande att og byrja å gala og klukka. Mirakelet er minna ved at ein held ein hane og ei høne i kyrkja på staden.[13]

«Den raude hanen» blei eit utbreidd symbol på eldbrann.[7]

Hane som symbol[endre | endre wikiteksten]

Kvinne med stor Barcelos-hane.

Den galliske hanen er eit nasjonalsymbol for Frankrike og for Vallonia.[14]

Barcelos-hanen er ein karakteristisk hane som er eit kjenneteikn for Portugal.

Andre tydingar av ordet hane[endre | endre wikiteksten]

«Hane» eller «hone» (av norrønt haðna) kan også visa til ei geit som ikkje har hatt eit kje, tilsvarande kvige hjå kyr.[1]

Vidare kan «hane» visa til ei rekkje ting som minner om eller har minna om forma til ein hane, som vasshane for vasskran), hane om slaghammeren på eit skytevåpen, eller vêrhane om ein haneforma mekanisme som viser kva veg vinden bles.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «hane» i Nynorskordboka.
  2. «Telling the Difference Between a Rooster and a Hen». Birdtrader. 9. desember 2010. 
  3. Read, Gina. «Sexing Chickens». Keeping Chickens Newsletter. keepingchickensnewsletter.com. Henta 5. juli 2008. 
  4. «Domestication». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica, inc. 31. mars 2017. 
  5. «Hanekamp». Store norske leksikon. 14. februar 2009. 
  6. «Kapun». Store norske leksikon. 14. februar 2009. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Winther, Truls Olav; Alver, Brynjulf (7. november 2011). «Hane». Store norske leksikon. 
  8. Colin Spencer (15. mai 1995). The Heretic's Feast: A History of Vegetarianism. s. 60. 
  9. Joshua Eliot; Liz Capaldi; Jane Bickersteth (2001). Indonesia Handbook (3. utg.). Footprint - Travel Guides. s. 450. ISBN 1900949512. 
  10. Hildred Geertz (January 2004). The Life of a Balinese Temple: Artistry, Imagination, and History in a Peasant Village. University of Hawaii Press. s. 86–87. ISBN 978-0-8248-2533-1. 
  11. Theyyam almost forgotten Dance form of North Malabar (Kerala)
  12. Police move against cockfight faces opposition - The Hindu – KERALA - 10. januar 2008
  13. «Tales and legends of Spain’s monuments | Spain is Culture», www.spainisculture.com, henta 18. januar 2023 
  14. «Drapeau wallon». L'Institut Destrée. Henta 1. februar 2018.