Hanni Wenzel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hanni Wenzel


Statsborgarskap Liechtenstein
Fødd 14. desember 1956 (67 år)
Straubing
Idrett alpint
Tok del i

alpine skiing at the 1980 Winter Olympics – women's downhill, alpine skiing at the 1980 Winter Olympics – women's giant slalom, alpine skiing at the 1976 Winter Olympics – women's slalom, alpine skiing at the 1980 Winter Olympics – women's slalom

Utmerkingar

Skieur d’Or

Hannelore Wenzel, kjend som Hanni Wenzel, (fødd 14. desember 1956) er ein tidlegare alpinist frå Liechtenstein, som vann verdscupen i alpine greiner i 1978 og 1980. Ho vann to gullmedaljar under Vinter-OL 1980 i Lake Placid, og vart verdsmeister i slalåm i St. Moritz i 1974.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hanni Wenzel er fødd i Straubing i Tyskland. Då ho var eitt år gammal flytta familien til fyrstedømmet Liechtenstein, der familien etter ei tid fekk liechtensteinsk statsborgarskap. 17 år gammal vart Wenzel verdsmeister i slalåm i 1974, og fekk sølv i kombinasjonen. To år seinare tok ho under Vinter-OL i Innsbruck Liechtensteins aller fyrste olympiske medalje, ein bronsemedalje. I tillegg fekk ho i Innsbruck ein VM-bronse i kombinasjonen.

Med ein sølvmedalje i kombinasjonen tok Wenzel under VM i alpine greiner 1978 i Garmisch-Partenkirchen ein medalje i øvinga for tredje gong på rad. Ho vart så olympisk meister både i slalåm og storslalåm under vinterleikane 1980 i Lake Placid, og tok i tillegg sølv i utfor. Under dei same leikane vann også broren Andreas Wenzel ein sølvmedalje.

Wenzel vann Verdscupen i alpine greiner 1978, og på ny i 1980. Sesongane 1975, 1979, 1983 og 1984 kom ho på andreplassen i verdscupen. Mellom desember 1973 og mars 1984 vann ho 33 verdscuprenn, flest i storslalåm og slalåm, høvesvis 12 og 11. 89 gongar stod ho på sigerspallen etter renn i verdscupen.

Hanni Wenzel er gift med den austerrikske alpinisten Harti Weirather, og mor til alpinisten Tina Weirather.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar