Lake Placid
| Lake Placid | |||
| busetnad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 3,980703 km² | ||
| Folketal | 2 205 (1. april 2020)[1] | ||
![]() Lake Placid 44°17′08″N 73°59′07″W / 44.285555555556°N 73.985277777778°W | |||
| Wikimedia Commons: Lake Placid, New York | |||
Lake Placid (av engelsk placid (adjektiv), ‘roleg, koseleg’) er ein feriestad i Essex County i delstaten New York i USA. Staden hadde 2 638 innbyggarar i 2000, og vert ofte nemnt i samband med Nord-Elba, det opphavlege namnet på området. Nord-Elba er i dag nabobyen til Lake Placid.
Lake Placid ligg i regionen High Peaks i Adirondack-fjella. Her er to innsjøar: Lake Placid og Mirror Lake. Store delar av denne fjellrike regionen vart vedteke verna i 1892. Adirondack Park er det største naturreservatet i USA utanfor Alaska, og dekker ca ein femdel av arealet i delstaten New York.


Turisme
[endre | endre wikiteksten]Lake Placid er ein heilårs feriestad med ei rekke sportslege aktivitetar. OL-anlegga rundt turistbyen er i bruk mykje av året. Vinteren er høgsesongen, då kan alle OL-anlegga brukast. OL-anlegga er fire i talet; skeisebana i sentrum, bobsleighbana, langrennssenteret på Mount Van Hoevelberg og alpinløypene på Whiteface Mountain. Dei kringliggjande Adirondack-fjella er eit populært område for turgåarar.
Sidan 1999 har tevlinga Ironman USA årleg vorte arrangert i Lake Pacid. Denne triatlontevlinga går over lange distansar; 3,86 km symjing, 180,2 km sykling, 42 195 meter springing.
Olympiske leikar
[endre | endre wikiteksten]Dei olympiske vinterleikane vart avvikla i Lake Placid både i 1932 og 1980. Saman med St. Moritz i Sveits og Innsbruck i Austerrike er Lake Placid ein av tre stader som har arrangert vinter-OL to gongar. Innsbruck har i tillegg arrangert vinter-OL for ungdom éin gong.
Kunstløparen Sonja Henie, kombinertrennaren Johan Grøttumsbråten og skihopparen Birger Ruud var dei norsk gullvinnarane i 1932. Bjørg Eva Jensen vann det einaste norske OL-gullet i 1980, då ho sigra i 3000 meter lengdeløp.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Lake Placid» frå Wikipedia på tysk, den 27. oktober 2011.
