Hans Andersen Foss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Andersen Foss
Fødd 25. november 1851
Modum
Død

9. juli 1929

Yrke romanforfattar

Hans Andersen Foss (25. november 18519. juli 1929) var ein norsk-amerikansk forfattar, journalist og fråhaldsforkjempar, aktiv i USA. Forteljingane han var populære også i Noreg, og fem av bøkene kom ut her til lands.

Foss var eldste son til ein sjølveigarbonde på garden Fossen i Heggen sokn i Modum. I 1877 emigrerte han til USA, der han debuterte som forfattar i 1885 med Husmands-gutten: En Fortælling fra Sigdal. Boka, som kom ut i Decorah i Iowa, fortel om ein fattig husmannsgut som dreg til Amerika, vert rik og reiser heim for å gifte seg med garddottera. Romanen vart umåteleg populær og nådde eit stort publikum, også i Noreg. Året etter gav han ut romanen Kristine: En fortælling fra Valdres, og nybyggjarromanen Livet i Vesterheimen. Også Kristine Valdresdatter, som den etterkvart vart kalla, var populær i Noreg, og vart filmatisert i 1930 av Rasmus Breistein. Songen «Det vinker til meg i denne kveld» vart ein ganske omtykt song i si tid.

I åra 1888 til 1893 redigerte Foss avisa Nordmanden som kom ut i Grand Forks i Nord-Dakota. Her skreiv han ei rekke romanforteljingar som fyrst gjekk som føljetongar i avisa, og seinare kom i bokform. Gjennom Nordmanden stridde Foss for særleg fråhaldssaka og ein radikal reformpolitikk. Desse to tema kjem til uttrykk i høvesvis romanane Den amerikanske saloon frå 1889, og Hvide slaver frå 1892.

Frå 1893 gav Foss ut avisa Nye Nordmanden i Minneapolis. Etter nokre år slutta han som skribent og vart kornhandlar. I 1906 flytta han til Minot i Nord-Dakota og busette seg der. Foss skreiv då fleire publikasjonar for fråhaldsrørsla og støtta aktivt Populist Party.

Litteraturhistorisk spelte Foss størst rolle gjennom den måten romanane hans påverka andre norskamerikanske forfattarar, som til dømes Peer Stromme og Ole Rølvaag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]