Hans Christian Alsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Christian Alsvik
Fødd 21. april 1936
Død

1. oktober 2011

Yrke journalist, filolog, skribent

Hans Christian Alsvik (21. april 19361. oktober 2011) var ein norsk fjernsynsmann og forfattar frå Svolvær i Lofoten. Alsvik hadde særleg kompetansefelt innan natur og biologi. Til saman laga han over 3000 naturprogram for NRK.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alsvik utdanna seg til journalist og jobba fyrst i Vestfold Arbeiderblad. I 1966 vart han tilsett i NRK, der han fyrst jobba i Dagsrevyen. Her starta han med naturinnslag i nyhenda, noko som seinare skulle utvikla seg til programmet Ut i naturen, som framleis går fast på NRK. Alsvik var opphavsmann for Ut i naturen, og var programleiar for det i ei årrekkje.

Alsvik meistra fleire språk, m.a. russisk, engelsk og tysk. I mange år samarbeidde han med BBC, og fekk sendt dei fyrste utanlandske naturprogramma på norsk fjernsyn. Ofte var det han sjølv som spelte inn den norske kommentatorrøysta for desse. I karrieren i NRK vart han også forfremja til redaksjonssjef.

Alsvik døydde i oktober 2011 etter lang tids sjukdom.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Salutt (1972)
  • Nattsøster (1973)
  • Glassplaten (1974)
  • Middagsgjesten fra Lopphavet (1975)
  • Hundlort og fiken Roman, (1976)
  • Geparden som ville intervjues (1977)
  • Safari til Strandvågan (1978)
  • Tavaritsj (1979)

Heider[endre | endre wikiteksten]

  • I juni 2001, under utdelinga av Gullruten 2000, vart Hans Christian Alsvik tildelt heidersprisen for innsatsen sin.[1]
  • I 2002 vart Alsvik tildelt Kongens fortenestmedalje i gull.[2]
  • I 2005 fekk han Den norske friluftslivsprisen. I grunngjevinga vart det m.a. sagt at Alsvik som ein av dei ruvande figurane i norsk friluftsliv sette ein standard for presentasjon av natur på fjernsyn gjennom verksemda si i NRK. Kjærleiken til naturen som har prega naturprogramma hans, har vore viktig for friluftslivet i Noreg.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Billy Jacobsen. «Hans Christian Alsvik». NRK Nordland Fylkesleksikon. Henta 6. april 2012. 
  2. «Tildeling av ordener og medaljer: Søk i arkivet». kongehuset.no. Henta 6. april 2012. 
  3. Grunngjevinga for Friluftlivsprisen til Alsvik