Hans Christian Jahnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Christian Jahnsen
Fødd6. april 1823
Død16. april 1901
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Hans Christian Jahnsen (6. april 182316. april 1901) var ein skipsbyggjar, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Tjølling.

Jahnsen var son til ein leiglendingsbonde. Sjølv lærde han seg til skipsbyggjar på Hortens Verft, der han var skipsbyggmeister frå 1850 til 1872. Samstundes var han gardbrukar på Kaupang i Tjølling. Frå 1873 var han lensmann i Tjølling.

Jahnsen var medlem av heradsstyret i Tjølling i mange år, ei tid som ordførar. Han var forlikskommissær frå 1874 og valmann seks gonger. Perioden 1880-82 var han 2. representant frå Jarlsberg og Larviks amtStortinget og 1882 på omframstortinget. På tinget var medlem av justiskomiteen.

Jahnsen døydde på garden sin i Tjølling i 1901.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914