Hans Knieper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Knieper
Død

2. november 1587
Helsingør

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar
Fredrik II med kommandostav, kruttflaske og pung måla av Hans Knieper i 1581. Olje på lerret, 220 x 110 cm, tilhøyrer Det Nationalhistoriske Museum på Frederiksborg slott. På tavla til venstre for kongen står det: FREDERICUS, SEKVINDS, REX DANORVM ET NORWEGIA(E) ETZ. ÆTATIS SVÆ, 47 ANNO 1581 (Fredrik 2., danskenes og Norges konge etc. i en alder av 47 år 1581)[1]
Nasjonalgalleriet i Oslo har ei endra utgåve av måleriet frå 1584.[2]

Hans Knieper (død 2. november 1587), òg kjend som Hans Kniepper, Hans Knipper, Johan van Antwerpen og Hans Maler,[3] var ein nederlandsk kunstmålar som er kjent for arbeidet sitt i Danmark under kong Fredrik II.[4]

Blant hovudverka hans er gobelengaKronborg slott, Fredrik II sin bordhimmel og portrettet av Fredrik i heilfigur.[4][5]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Den dansk-norske kongen Olav IV Håkonsson på eit av kongegobelenga på Kronborg slott.
Ryggstykkjet på bordhimmelen på eit fotografi frå rundt 1896.

Knieper kom til Danmark i 1577 samstundes med tapetvevaren Anthonius da Corte for å måle kartongane som skulle vere grunnlag for gobelenga som skulle vevast for Fredrik II. Dei kom til Kronborg med 10 sveinar i desember månad.[4] Kort tid etter døydde de Corte, som hadde fått kontrakt på utføringa av tapeta og Knieper fekk difor løna hans mot sjølv å leia tapetveveriet. Knieper vart tilsett som kongeleg målar på Kronborg i 1578.[4]

Frederik II til hest framfor Hillerødsholm, det gamle Frederiksborg ca. 1585.
Måleri på Gripsholm slott

Av rekneskapa på Kronborg og etterlatne brev frå Fredrik II kjenner ein til at Knieper utførte ei rekkje verk til utsmykkinga av Kronborg slott.[4] Han laga 20 tapet med motiv frå Det gamle testamentet, desse vart betalt i 1579, men har seinare gått tapt. Same år smykka han ut Kongens Kammer, ein kjenner ikkje motiva. I åra 1582-1584 utførte han dei såkalla gobelenga; 40 kongetapet og 3 tapet med jaktmotiv til Store Sal. Av dei opphavlege 43 gobelenga er 15 bevart, 7 er på Kronborg slott og resten på Nationalmuseet. Dei øvrige gjekk med under brannen på Frederiksborg slott i 1859.[5]

Fredrik II sin bordhimmel, òg kalla Fredrik II sin tronhimmel, vart utført i 1585-1586. Bordhimmelen vart bestilt av kongen i 1585 og han bad om «et rygstykke med en himmel over vort bord på den store sal».[6] Bordhimmelen er i purpurraud silke og har trådar av sølv og gull vovne inn. Han vart hengt opp i dansesalen over plassane til kongeparet ved bordet.[6] Himmelen er smykka ut med ei rad symbol som fortel om ideala ein fyrste i renessansen skulle leva opp til.

Bordhimmelen vart svensk krigsbytte under dei såkalla Karl Gustav-krigane i 1657-1660 og er oppbevart på Nasjonalmuséet i Stockholm.[6]

Av andre verk Knieper utførte til Kronborg kan nemnast diverse måleri som gjekk tapt under ein brann på slottet i 1629. Han utførte òg eit portrett av Kristian IV, då han var rundt 7 år gamal. Måleriet er no ein del av samlinga på Rosenborg slott.[7] Motivet er nytta på eit av gobelenga som framleis er på Kronborg, her er han framstilt med Frederiksborg slott i bakgrunnen ved sida av faren med Kronborg slott bak seg.[5]

Portrettet av Fredrik II i heilfigur frå 1581 er det første klassiske fyrsteportrettet i dansk kunst som ein kjenner til.[4] Kongen er i rustning og held kommandostaven i den eine handa og sverdskjeftet i den andre. Heile skikkelsen sende ut signal om makt og alle dei nasjonale elementa som oldenborg-fargane, riksvåpenet på veggen og namnet til kongen på tavla strekar under bodskapen om at dette er forsvararen av riket.[8]

Måleriet er utført i olje på lerret og måler 220 x 110 cm.[1] På tavla til venstre for kongen står det: FREDERICUS, SEKVINDS, REX DANORVM ET NORWEGIA(E) ETZ. ÆTATIS SVÆ, 47 ANNO 1581 (Fredrik 2., danskenes og Norges konge etc. i en alder av 47 år 1581)[1]

Av andre verk ein kjenner til er mellom anna ei signert teikning med motiv Helsingør sett frå Sundet frå ca. 1581 som tilhøyrer Nationalmuseet i København. Ei altartavle av Knieper vart sett opp i Kronborg slottskyrkje i 1582, men den er seinare forsvunne.[4]

Eit måleri med tittelen Frederiksborg slott med Frederik II til hest i forgrunnen er frå 1580-åra og har tidlegare vore tilskrive Jan van Wijk. Måleriet vart teke som krigsbytte under Karl-Gustav-krigane og tilhøyrer Gripsholm slott i Sverige.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]