Kronborg slott
- Sjå òg bydelen Kronborg i Malmö
![]() Kronborg slott Foto: Ikiwaner | |
Land | Danmark |
---|---|
![]() | Innskriven ved UNESCOs 24. sesjon i 2000. Referansenr. 696. |
Kriterium: | KULTUR (IV) |
Sjå òg | Verdsarvstader i Norden |
Bakgrunnsstoff | Kronborg slott ved unesco.org |
Kronborg er eit slott som ligg attmed Øresund, kring 1 km nordaust for sentrum i byen Helsingør på Sjælland i Danmark. Det vart i 2000 teke med på UNESCO si liste over verdsarv. Grunngjevinga var at slottet vart sett på som eit eineståande døme på eit renessanseslott som har hatt mykje å seie for Nord-Europa opp gjennom historia.
Fredrik II av Danmark-Noreg lét byggja om mellomalderborga Krogen i 1574 og 1585 til Kronborgs slott, som òg er ein borg. Bygget ligg ytst på Sjælland, der Øresund er som smalast, og var ein maktfaktor i si tid med omsyn til å få krevja inn Øresundtollen, ei avgift som var lagt på skipsfarten gjennom Øresund.
Slottet er mest kjend for at William Shakespeare sitt skodespel Hamlet utspelar seg i «Elsinore» (Helsingør). For mange turistar er Kronborg difor «Hamletslottet».
I det nordaustre tårnet på slottet er det installert eit fyr, Kronborg Fyr.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Kronborg (dansk) på http://www.kronborg.dk
- Kronborgs Slott i Helsingør Arkivert 2006-04-29 ved Wayback Machine.
- UNESCO World Heritage Centre - Kronborg Castle