Haraløkka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haraløkka (2008)

Haraløkka er eit friluftsområde mellom Ulsrud og Bøler i Bydel Østensjø i Oslo. Friluftsområdet er ein del av Haraløkka idrettspark med fotballbanar av kunstgras, naturgras og grusdekke, i tillegg til ein idrettsleikeplass. Idrettsparken vert driven av Bøler Idrettssamskipnad som òg har heimebanen sin her.

Nokre av kampane på Norway Cup vert spelte på Haraløkka. Lokala til Bøler speidergruppe ligg òg her.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utbygginga av Haraløkka Fritidssenter byrja i 1969; området utgjorde tidlegare av skog, myrer og Bølerkulpen. Store mengder masse måtte til for å fylla igjen kulpen, og Vaterland skule og andre delar av det sanerte Vaterlandet vart brukt til fyllmasse.[1][2]

Friluftsområdet vart offisielt opna 19. juni 1978 av kommunalråd Odd Wivegh.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Senje, Sigurd (1985). Vi i Østensjøbyen. Tiden. s. 87. ISBN 8210027646. 
  2. 2,0 2,1 Bøler er stedet: bydel Bøler: Bøler, Bogerud, Rustad, Skullerud, Langerud,Ulsrud. Bydel Bøler. 2000. s. 122-124. ISBN 8299566606.