Hasfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°30′N 22°16′E Hasfjorden (samisk Áknovuotna) er ein fjordSørøya i Hasvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 6,5 km nordover til Hasfjordbotn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hasfjordneset i vest og Taborshamnneset i aust. Fjorden ligg like aust for sjølve Hasvik. Storøya er ei 2,3 km lang øy på vestsida av fjorden. Her ligg òg eit par gardsbruk som Elnheim og Hofset. Det meste av fjorden er grunnare enn 30 meter, men ytst i fjorden søkk botn ned mot 70 meter.