Hassan Nasrallah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hassan Nasrallah

Verkeleg namn حسن نصرالله
Statsborgarskap Libanon
Fødd 31. august 1960 (63 år)
Bourj Hammoud
Yrke ulama, politikar
Språk arabisk, persisk, engelsk
Verv Generalsekretær i Hizbollah
Periode 1992-
Føregangar Sayyed Abbas al-Musawi
Politisk parti Amal-bevegelsen, Hizbollah
Religion Islam, Tolver-sekten
Hassan Nasrallah på Commons

Sayyid Hassan Nasrallah (fødd 31. august 1960) er den noverande og tredje generalsekretæren i det libanesiske islamistpartiet Hizbollah, som òg er ein paramilitær organisasjon.[1] Nasrallah vart leiar i Hizbollah etter at Israel drap leiaren i rørsla, Abbas al-Musawi, i 1992.[1] Dei militære kampanjane til Hizbollah seint på 1990-talet vart hovudfaktorane som leidde til at israelarane valde å trekkje seg ut av Sør-Libanon i 2000.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Profile: Sayed Hassan Nasrallah». Al Jazeera. 17. juli 2000. Henta 22 April 2013.