Hopp til innhald

Hastings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hastings
by
Hastings Castle med piren og sentrum i bakgrunnen.
Land  England
Region East Sussex
Distrikt Hastings
Areal 29,72 km²
Folketal 91 053 (2011)[1]
Postnummer TN34-35; TN36-37
Retningsnummer 01424
Kart
Hastings
50°51′18″N 0°35′00″E / 50.855°N 0.58333333333333°E / 50.855; 0.58333333333333
Wikimedia Commons: Hastings

Hastings er ein by i East Sussex, søraust i England. Han har rundt 90 000 innbyggjarar. Hastings er kjend som ein badeby og slaget ved Hastings i 1066, då Wilhelm Erobraren og normannarane tok over styret av England. Slaget stod eigentleg ved byen Battle i nærleiken. Hasting var ein av Cinque Ports, fem viktige hamnar i mellomalderen, men blei seinare mindre viktig etter. Hovudindustrien har sidan den tid og fram til no vore fiske.

Kystlina i Hastings.

Wilhelm Erobraren brukte byen som base då han steig i land i England. Då slaget ved Hastings var vunne bydge han ei borg her som ein kan sjå på Bayeuxteppet. Den noverande borga i Hastings er truleg bygd på den opphavlege grunnmuren.

I mellomalderen blei Hastings kalla den viktigaste av Cinque Ports, dei fem hamnebyane.

På 1200-talet blei store delar av byen teken av sjøen. Han blei overfalt og brunnen av franskmenn i 1339 og 1377, og gjekk deretter inn i ei nedgangstid. Det at Hastings mangla ei naturleg hamn gjorde ikkje stoda betre. Det blei lagt mange planar om å byggja ei hamn for byen, og i 1897 byrja ein eit prosjekt der ein stor «hamnearm» blei laga i sement. Pengemangel førte til at prosjektet aldri blei fullført, og under andre verdskrigen blei store delar av byggverket sprengd for å hindra tyske styrkar i å bruka det til å invadera England.

Utviklinga av det engelske jarnbanenettet og badeturisme gjorde likevel at byen voks på 1800-talet.

Kjende folk frå Hastings

[endre | endre wikiteksten]
  1. http://www.citypopulation.de/UK-Cities.html. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hastings