Haubits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Russiske haubitsar frå først på 1800-talet.
Ein haubits av typen Howitzer 105 mm M2A1 under transport.
M109-A6 Paladin sjølvdriven haubits.

Haubits eller haubitser er nemninga for eit kanonliknande militært våpen med eit etter måten stutt røyr i høve til kanonen. Til dels vert nemningane mortar og haubits nytta om kvarandre om den same typen våpen. Men til skilnad frå både mortarar og feltkanonar er haubitsen kjenneteikna ved vanlegvis å kunne skyte i både steile og mindre steile vinklar, det vil seie i vinklar både over og under 45 gradar i høve til horisontalen. Haubitsen kan soleis skyte ut prosjektil i ei høg og krum bane for å råke mål attom slike hindringar som åsar og høgdedrag eller bygningar, eller i lågare baner beinveges mot mål som mannskapet kan sjå.

Moderne haubitsar har rekylmekanismar som tek opp dei attoverretta kreftene under avfyringa, og dei kan ladast bakfrå med ulik mengd ammunisjon, avpassa etter den rekkevidda som er ynskeleg i det aktuelle høvet. Det vanlege kaliberet er mellom 75 og 240 millimeter, og rekkevidda kan vere opptil 30 kilometer.[1] Våpena er gjerne utstyrte med hjul som gjer at dei kan dragast etter lastebilar når dei skal transporterast. Somme typar av moderne haubitsar kan vere utstyrt med eigen motor som gjer dei sjølvgåande i terrenget, og kan dessutan vere pansra.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kristofersen, Gunnar; Rein, Torolf (20. februar 2018). «artilleri». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Haubits