Våpenet kanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå kanon.
Kanonar på kystfortet Austrått fort i Ørland kommune. Kanonane stod opphavleg på den tyske slagkryssaren «Gneisenau» frå 1936, som vart bomba medan skipet låg i dokk i Kiel og deretter kondemnert.
Ein kanon på Akershus festning.

Ein kanon er eit skytevåpen til å skyta store prosjektil over lengre avstandar med. Ein kanon er forma som eit stort røyr. I moderne terminologi vert ordet kanon òg brukt om rifla automatvåpen med kaliber på minst 20 mm.

M-198 Howitzer 155mm artillerikanon

I moderne terminologi viser omgrepet til skytevåpen med eit rifla løp i kaliber 20 millimeter eller meir, som skyt mot eit mål. Kanonar har utvikla seg frå å vera enkle røyr som skyt ut kuler av stein eller jarn, til å verta moderne artilleri med avanserte instrument for presisjonsskyting. Prosjektila har òg utvikla seg til å innehalda eksplosivar. Innfestinga av kanonen har òg gått framover, og kanonar i dag kan finnast i for eksempel stridsvogner. Kanonane var òg føregjengaren til mindre skytevåpen som handkanoner, arkebuse, musketter og etterkvart rifler.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]