Hopp til innhald

Hawick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hawick
Hamhaig
Haaick
by
Hawick frå toppen av Mote.
Foto: Walter Baxter
Land  Skottland
Region Scottish Borders
Tradisjonelt grevskap Roxburgh, Ettrick and Lauderdale
Areal 4 920 977 km²
Folketal 14 294 (2011)
Postnummer TD9
Retningsnummer 0 1450
Kart
Hawick
55°25′29″N 2°47′04″W / 55.424722222222°N 2.7844444444444°W / 55.424722222222; -2.7844444444444
Wikimedia Commons: Hawick

Hawick[a][b] er ein by i regionen Scottish Borders i Skottland. Han har kring 14 500 innbyggjarar. Byen er kjent for sin årlege ryttarfestival til minne om lokale ungdomar sine siger over ein engelsk styrke som raida området i 1514.

Det er ein av dei byane i Skottland som ligg lengst frå sjøen, i hjarte av Teviotdale. Hawick er òg den største byen i det tradisjonelle grevskapet Roxburghshire. Han ligg i Teviotvale, dalen som elva Teviot renn gjennom, rett ved staden der Slitrig renn inn i Teviot.

Innbyggjarane blir kalla seg sjølv teris, etter ein tradisjonell song som inneheld orda «Teribus y Teriodin», moglegvis ein referanse til elles ukjende angelsaksiske gudar. Tidlegare måtte ein vere fødd i Hawick for å vere ein teri, men sidan juli 1988 har det ikkje vore noka lokal fødeavdeling, slik at dei fleste barna av borgarane i byen blir fødde på Borders General Hospital i Melrose. Difor er kravet no at ein bur i byen frå så kort tid som mogleg etter fødselen.

Byen har ikkje hatt jernbanesamband sidan 1969, men det er busskorrespondanse til Carlisle, omkring 80 km unna, og vegen A7 mellom Edinburgh og Carlisle går rett utanfor Hawick.

  1. uttalt som hoick
  2. skotsk-gælisk Hamhaig, skotsk Haaick

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hawick