Scottish Borders

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Scottish Borders
Geografi
Areal
4 732 km²
Administrasjonsstad
Newtown St. Boswells
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

112 400
23,8 /km²

Scottish Borders eller berre The Borders (låglandsskotsk The Mairches, norsk Dei skotske grensene) er ein av 32 regionar i Skottland. Han grensar til Dumfries and Galloway i vest, South Lanarkshire og West Lothian i nordvest, City of Edinburgh, East Lothian, Midlothian i nord og grevskapa Northumberland og Cumbria i England i sør og aust. Administrasjonsstaden er Newtown St. Boswells.

Historisk har namnet Scottish Borders vorte nytta om heile grenseområdet sør i Skottland, i lag med naboområde i England, som var ein del av den historiske Borders-regionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]