Heard Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heard Museum

StadArizona
Skipa1929 (1929)
Kart
Heard Museum
33°28′25″N 112°04′26″W / 33.4735°N 112.074°W / 33.4735; -112.074

Heard Museum er eit privat museum i Phoenix i Arizona i USA, drive utan profittmotiv og vigd til å fremja amerikansk urfolkskunst. Det presenterer historiene til amerikanske urfolk frå eit fyrstepersonsperspektiv, og har utstillinger av tradisjonell kunst og samtidskunst skapt av amerikanske urfolkskunstnarar og kunstnarar påverka av amerikansk urfolkskunst. Heard Museum samarbeider med amerikanske urfolkskunstnarar og stammesamfunn for å gje vitjande eit særskild perspektiv på kunsten til urfolk, særleg dei frå Sørvest-USA.

Inngangen til museet.
Utstilling av navajosmykke.

Heard Museum blei skipa i 1929 av Maie Bartlett Heard, kort tid etter at ektemannen Dwight B. Heard hadde døydd, for å husa den personlege kunstsamlinga deira.[1]

Delar av museumsbygningen blei utforma av arkitekten Bennie Gonzales, som også teikna Scottsdale City Hall.[2]

Festivalar[endre | endre wikiteksten]

Heard held den årlege festivalen El Mercado de Las Artes, vanlegvis i november, med vandrande mariachiar og kunst av hispanic-kunstnarar frå Arizona og New Mexico som omfattar santos, keramikk, colchabroderi, møblar, måleri, trykk og sylv- og tinnarbeid. Muset huser også den årlege World Championship Hoop Dance Contest, typisk tidleg i februar. Hoopdans-tevlinga blir halden utandørs i Libby Amphitheater framfor museet.[3]

The Annual Heard Museum Guild Indian Fair and Market blir også halden ved museet. Marknaden omfattar pristeldingar frå ein jury, og er blitt halden årleg sidan 1958. Han blir halden i mars, og får kring 15 000 vitjande og over 600 utstillarar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Heard Museum's rich history». Arkivert frå originalen 10. oktober 2006. Henta 31. juli 2006. 
  2. Scarp, Mark (4. desember 2008). «Gonzales left his creative imprint on Scottsdale». East Valley Tribune. Henta 4. januar 2009. 
  3. Shirley Sneve (Apr 2, 2022). «World champions dance for the people». Indian Country Today. 
  4. «Indigenous Arts Market Returns to the BriscoeRivard Report». therivardreport.com (på engelsk). Henta 26. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]