Heaven's Gate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Heaven's Gate var ei dommedagssekt frå USA som trudde at medlemmene skulle hentast frå denne verda til ein høgare tilstand av eit utenomjordisk romskip. Gruppa blei grunnlagd tidleg på 1970-talet av Marshall Applewhite (1931–1997) og Bonnie Nettles (1927–1985).

Sekta er særleg kjend for at 39 sektmedlemmer i California utførte kollektivt sjølvmord den 26. mars 1997 i samband med at kometen Hale-Bopp passerte nær jorda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]