Hopp til innhald

Heerlen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heerlen
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Nederland
Provins Limburg
Areal 45,72 km²
Folketal 86 936 (1. januar 2021)[1]
Kart
Heerlen
50°53′00″N 5°59′00″E / 50.883333333333°N 5.9833333333333°E / 50.883333333333; 5.9833333333333
Kart som viser Heerlen.
Kart som viser Heerlen.
Kart som viser Heerlen.
Wikimedia Commons: Heerlen

Heerlen er ein kommune og by i Nederland i provinsen Limburg med om lag 90 000 innbyggjarar. Han er den fjerde største kommunen i Limburg og ein del av storbyområdet Parkstad Limburg som har rundt 220 000 innbyggjarar.

Heerlen har ei historie som går heilt tilbake til romartida, men var heller uviktig gjennom denne perioden og heilt fram til seint på 1800-talet, då han vart eit senter for kolindustrien i Nederland. På 1900-talet spelte arkitekten Fritz Peutz ei stor rolle i utforminga av byen som ein kjenner han i dag. Hans mest kjende design og særeigne bygg i sentrum av byen er den såkalla Glaspaleis («Glaspalasset») frå 1935. I 1995 fekk bygget status som nasjonalmonument og i 1999 plasserte Det internasjonale arkitektforbundet bygget på ei liste over dei tusen viktigaste byggverka på 1900-talet.

Glaspalasset i Heerlen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Heerlen