Hegglandsgrend

Koordinatar: 59°14′0.3″N 8°05′13.1″E / 59.233417°N 8.086972°E / 59.233417; 8.086972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°14′0.3″N 8°05′13.1″E / 59.233417°N 8.086972°E / 59.233417; 8.086972 Hegglandsgrend er ei bygd i Fyresdal kommune i Telemark. Bygda ligg mellom sentrum i kommunen, Moland, og Veum/Øyane litt lenger oppe i dalen. Bygda har eigen nærbutikk og barnehage. Det var tidlegare også ei namngjeten kyrkje her, Heggland gamle kyrkje, som var eit kjent mål for pilegrimar. Kyrkja vart riven på 1800-talet, og altertavla står i dag i Moland kyrkje.