Heilage Olga kyrkjelyd i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vår Frelsers ortodokse kyrkje i Akersveien.
Foto: Chris Nyborg

Hellige Olga menighet i Oslo er ein russisk-ortodoks kyrkjelyd knytt til Moskvapatriarkatet. Han har gudstenester i Vår Frelsars ortodokse kyrkje i Akersveien, ved den austre hovudporten til Vår Frelsers gravlund.

I 2015 hadde Heilage Olga menighet registrert drygt 3 000 medlemmar,[1] og i 2017 fekk kyrkjelyden tilskot for 3 206 medlemmar.[2] Størstedelen er russisktalande innvandrarar som har kome til Noreg i dei seinare tiåra, men også opphavlege nordmenn og andre nasjonalitetar er representerte.

Sjølve bygget til kyrkjelyden er kommunalt listeført og står oppført i Registeret til Riksantikvaren over kulturminne.[3]

Hellige Olga menighet eig også Hellige Olavs kapell på Stiklestad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referanser
  1. «Hellige Olga menighet». Henta 24.04.2015. 
  2. «Org.nr. Tros- eller livssynssamfunnets navn Antall tilskuddstellende medlemmer» (PDF) (norsk). Kulturdepartementet. 2017. Henta 26. november 2017. Hentet fra regjeringen.no sin side med «Antall tilskuddstellende medlemmer i tros- og livssynssamfunn i 2017» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]