Heimehjelp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Heimehjelp høyrer til dei sosiale omsutstenester i Noreg, og skil seg frå heimesjukepleie som tilhøyrer helsetenester.

Type teneste[endre | endre wikiteksten]

Heimehjelp er hjelp til personleg stell og omsut, til dømes hjelp til å stå opp og leggja seg, personleg hygiene, toalettbesøk, til å kle av- og på seg, hjelp til å eta, reingjering, matlaging, vask og innkjøp (del av praktisk bistand).

Heimehjelp er definert i Standard for næringsgruppering (SN) som kode 88.10 .[1]

Den kommunale omsutstenesta er den som vedtek om ein kan motta slik hjelp.[2]

Brukarstyrt personleg assistanse er ei alternativ organisering av denne tenesta.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Standard for næringsgruppering (SN)». 
  2. «Rett til praktisk bistand (hjemmehjelp)». www.helsetilsynet.no (på norsk bokmål). (nb-NO). www.helsetilsynet.no.