Tresfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For fjorden med same namn, sjå Tresfjorden.
Tresfjord
stad
Lauparen tur view.jpg
Utsikt frå Lauparen, Tresfjorden og Tresfjord til venstre.

Foto: per

Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Vestnes
Postnummer 6391 Tresfjord
Wikimedia Commons: Tresfjord (village)

Tresfjord er ei bygd i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Tresfjord var tidlegare og ein kommune. Bygdesenteret ligg på Sylte. Bygda er eit kjent turmål, og fjellet Lauparen (1434 moh) trekkjer til seg fotturistar frå heile landsdelen.

Tresfjord kommune[endre | endre wikiteksten]

Kommunen var opphavleg (frå 1837) del av Vestnes formannskapsdistrikt. Han vart skilt ut som eiga eining med namnet Sylte kommune (uttale: Silté) frå 1. januar 1899. Han hadde då 1 408 innbyggjarar. 28. april 1922 vart kommunenamnet ved Kongeleg resolusjon endra frå Sylte til Tresfjord. 1. januar 1964 vart Tresfjord kommune slått saman med Vestnes kommune til den nye Vestnes kommune. Tresfjord hadde ved samanslåinga 1 319 innbyggjarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Sylte/Tresfjord kommune frå 1899 til 1964:

1.1.1899[1] 1910[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1964[1]
1408 1282 1252 1171 1270 1317 1335 1319

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

I Tresfjord finst ein liten karateklubb som har vist gode resultat nasjonalt. Spesielt Geir Magne Brastad har utmerkt seg med medaljar i så vel EM som US Open.

Tine meierier produserer ridderost ved meieriet i Tresfjord [6].

Konrad Nerheim var frå Tresfjord.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bygda Tresfjord gjekk tidlegare inn under SSB sin definisjon av tettstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Tresfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. Romsdals Budstikke: «Lys framtid for Ridderosten».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]