Heimsyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Heimsyn - Ei snøgg Umsjaaing yver Skapningen og Menneskja, tilmaatad fyre Ungdomen- er ei bok av Ivar Aasen med ei stutt innføring i landkunne, naturfag og historie. Boka kom ut anonymt i Kristiania (Oslo) 1875.

På denne tida fanst det lite skriven litteratur på norsk landsmål. Med Heimsyn ville Aasen syne at landsmålet kunne brukast på alle fagområde. Han ville dyrka fram norsk fagspråk på nye felt og gje ungdomen lesnad på landsmål. Under arbeidet med boka nytta Aasen høvet til å prøve ut ei rad nye ord til landsmålet.

Med sine nær hundre sider er heimsyn den lengste samanhengande teksten Ivar Aasen gav ut på landsmål.

Innhaldet i Heimsyn[endre | endre wikiteksten]

Innleiingsvis forklarar Aasen tydinga av ordet heimsyn – å sjå seg om i den store mannheimen (verda):

«Naar Folk fara ut og sjaa seg um paa ein Stad, som dei skula flytja til elder busetja seg paa, so segja me, at dei era ute og heimsjaa seg. Og med ei onnor Vending kann ein ogso kalla det ei Heimsyn elder Heimsjaaing, naar unge Folk vilja sjaa seg i Kring i den store Mannheimen, elder naar dei høyra og spyrja etter nokot meir en det, som dei sjaa paa Fødestaden. Det kunde vera godt aa vita myket um den Verdi, som me liva i, um Land og Rike, um Himmel og Jord, um Skapningen paa Jordi og um ymse Tilstand i dei framfarne Tider; ---»

Etter innleiinga held boka fram med 9 hovudbolker:

I. UM JORDFLATA.
II. UM LUFT OG VEDER
III. UM HIMMELKLOTARNE.
IV. UM JORDBOLKARNE.
V. UM SKAPNINGEN PAA JORDI.
a) Steinriket.
b) Voksterriket.
c) Dyreriket.
VI. UM MENNESKJA.
VII. UM FOLKESKIPNAD (ELDER LAGSKIPNAD I LAND OG RIKE).
VIII. UM TILSTAND I FYRRE TIDER.

Avslutningsvis skriv Ivar Aasen noko om dei store framstega for menneskja i hans tid:

«Eit huglegare Minne er daa dei mange heppelege Uppfinningar, som era tilkomne i den sidste Mannsaldren. Fyrst og fremst er det den Kunsten aa nøyta Eimkrafti til Flutning og Førsla; dermed kom Folk fyrst til aa byggja Eimskip til Langferder paa Sjoen, og sidan til aa leggja Jarnvegar og gjera Eimvogner til Førsla paa Landet. Dernæst kom det upp aa nøyta Ravkrafti (S. 230) til Teiknestreng (Telegraf) og der- med senda Snarbod fraa Stad til Stad, som er til stor Vinning fyre deim, som turva Tidender langveges ifraa. Og dertil kjem daa ei heil Mengd av Drivverk og Maskinor, som era uppfundne til aa letta Tungorka og dermed spara Tid og Handemagt. Desse nye Uppkomorna hava daa og gjort myki Umbrøyting i ymis Verknad og Vinneskap; og fyrst og fremst er det aa merka, at Samkvæmet imillom dei serskilde Folkeslag heve dermed lettnat og fenget ein Framvokster, som heve gjenget yver alle Voner.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]