Heinz Hajek-Halke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heinz Hajek-Halke
Fødd 1. desember 1898
Berlin
Død

11. mai 1983
Berlin

Felt Fotografi
Yrke fotograf, universitetslærar, pressefotograf
Periode Surrealisme

Heinz Hajek-Halke (1. desember 189811. mai 1983) var ein tysk eksperimentell fotograf som saman med Otto Steinert var med i gruppa Fotoform.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Hajek-Halke var fødd i Berlin i 1898. Han voks opp i Argentina, og kom tilbake til Tyskland i 1910. Han byrja studera grafikk i Berlin i 1915. I 1916 blei han soldat under første verdskrigen. Etter at krigen slutta fortsette han å studera frå 1919 til 1923. I 1925 byrja han verka som sjølvlært fotograf, og gjorde oppdrag for mange ulike blad. Han hadde eit kortvarig samarbeid med ein annan ung og nyskapande fotograf, Yva, i 1926.

Frå 1934 til 1937 laga han fotoreportasjar for bladet Natur und Volk.[2] I 1937 laga han fleire reportasjar frå Brasil. Frå 1938 til 1945 arbeidde han for flyfabrikanten Dornier-Werke. Seinare blei han frilansar.[2]

I 1949 blei Hajek-Halke med i den tyske gruppa Fotoform, og tok del i dei to første utstillingane hennar. I 1955 blei han utnemnd til professor i fotografi og grafisk design ved Hochschule für bildende Künste (no Universität der Künste Berlin) i Berlin.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Som fotograf eksperimenterte Hajek-Halke med ulike teknikkar for fotomanipulasjon som fotomontasje, kollasj, dobbeleksponering og å kombinera fleire negativ til eit fotografi.[1]

Han var interessert i dyr - han tok makrofotografi av insekt og dreiv med slangar. Han eksperimenterte med lysgrafikk, og fotograferte ståltrådfigur han hadde laga for dette føremålet.[1]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Experimentelle Fotografie
  • Lichtgrafik

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Heinz Hajek-Halke». Photography. Art Directory. Henta 25. januar 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Hajek-Halke, Heinz (XX.XX.1898 - 11. Mai 1983), Fotograf». archiv.adk.de. Henta 1. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]