Hektordelfin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hektordelfin
Hektordelfin
Hektordelfin
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Hektordelfin
Utbreiinga av Hektordelfin
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Overfamilie: Delphinoidea
Familie: Delfinfamilien Delphinidae
Underfamilie: Lissodelphininae
Slekt: Cephalorhynchus
Art: Hektordelfin C. hectori
Vitskapleg namn
Cephalorhynchus hectori

Hektordelfin (Cephalorhynchus hectori) er ein delfin som lever i havet rundt Sørøya på New Zealand. Han er den minste av havdelfinane og den minste av alle kvalartane. Delfinen tilhøyrer slekta flekkdelfinar, som saman med resten av delfinane tilhøyrer tannkvalane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hektordelfinen blei først oppdaga av vitskapen i 1869. Han blir vanlegvis kring 1,2-1,5 meter lang, og vekta ligg normalt på ca. 35-60 kg (i snitt ca. 48 kg). Delfinen er særs sjeldan og endemisk for kysten av New Zealand, der han eksisterer i tre genetisk distinkte populasjonar: Ein langs vestkysten av Nordøya , ein langs veskysten og ein langs austkysten av Sørøya. På New Zealand vert rekna han som eit nasjonalsymbol, saman med kiwifuglen.

Delfinen er ein liten småtjukk symjar som gjerne ligg rett under havoverflata. Ryggfinnen er rund og heilt svart.

Også halefinnen, kinna og sveivene er svarte. Over nakken, like ved blåseholet, har han òg ei smal svart stripe. Buken er kvit, og den kvite fargen held fram i ei stripe opp langs sidene til delfinen. Resten av kroppen er blågrå, nesten same farge som havet når det er overskya.

Hektordelfinen skil seg òg frå dei fleste andre delfinar gjennom å ha ein relativt liten snute, kort kropp, og ein kort tjukk hale, nesten som nisene. Det er vanskeleg å sjå skilnad på hoer og hannar.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Hektordelfinen er eit flokkdyr som gjerne dannar små grupper på 2-12 individ. Gruppene er ikkje eigenlege familiegrupper som hos spekkhoggarane, men heller laust samansette grupper der dyra ofte skiftar til ei ny gruppe.

Hektordelfinen kan truleg bli kring 20 år gammal. Hoa vlir kjønnsmogen når ho er mellom 7 og 9 år og kan berre få avkom kvart 2. eller 3. år. Som regel føder hoene berre 4-6 ungar i løpet av livet.

Hoa føder som regel seint på vårparten eller tidleg på sommaren (når det er haust og vinter i Noreg). Ungen blir fødd med halen først. Mora hjelper ungen opp til overflata, der han raskt lærer seg pusteteknikken for å overleva. Kalven er ca. 76 cm lang når han blir fødd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]