Helen Bannerman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helen Bannerman
Helen Bannerman 001.jpg
Fødd 25. februar 1862
Edinburgh
Død

13. oktober 1946 (84 år)
Edinburgh

Yrke skribent, forfattar, barnebokforfattar, illustratør
Språk engelsk
Ektefelle William Burney Bannerman
Helen Bannerman på Commons

Helen Bannerman (25. februar 186213. oktober 1946) var ein skotsk forfattar av barnebøker. Ho er best kjend for den fyrste boka si, The Story of Little Black Sambo (Lille Sorte Sambo) frå 1899.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bannerman var fødd i Royal Terrace i Edinburgh.[1] Ho var det fjerde barnet i ein syskenflokk på sju, og den eldste dottera. Faren var Robert Boog Watson (1823-1910), som var prest i Free Church of Scotland og malakologimalakologi (blautdyrforskar), og mora Janet (1831-1912) var dotter at Helen Brodie og papirmakaren og filantropen Alexander Cowan.[2] Frå ho var 2 til ho var 12 budde ho på Madeira, der far hennar var prest i den skotske kyrkja.[1] Då familien vende tilbake til Skottland var dei mykje hjå mostra til Bannerman, Mrs Cowan, i 35 Royal Terrace på Calton Hill.[3]

Ettersom kvinner ikkje hadde åtgang til skotske universitet måtte ho ta universitetseksamen privat. Ho fekk graden Lady Literate in Arts (LLA) frå University of St. Andrews i 1887.[1]

Grava til Bannerman i Grange Cemetery

Ho blei forlova med Dr William Burney Bannerman i 1874, og gifta seg med han etter å ha teke graden sin.[4] Doktor Bannerman var lege og offiser i Indian Medical Service (IMS).[1] Paret drog til India i 1889, og slo seg ned i Madras (dagens Chennai),[5] den noverande delstatshovudstaden til Tamil Nadu ved den indiske søraustkysten. Paret var 30 år i India, og fekk fire barn der: Døtrene Janet (f. 1893) og Day (f. 1896) og sønenen James «Pat» Patrick (f. 1900) og Robert (f. 1902).[1] Ho laga forteljinga i den fyrste boka si, The Story of Little Black Sambo, for å muntra døtrene under ei lang reise. Deretter illustrerte ho forteljinga med akvarellar og fekk henne innbunden. Boka blei teken av ein ven til ein forleggjar i London og selt for 5 pund. Bannerman hadde bede vennen om å ikkje selja opphavsretten, men dette blei likevel gjort, og forfattaren tente aldri meir på den store suksessen til boka.[6] Boka blei gjeven ut av Grant Richards i London i 1899, og kom ut året etter i USA. Amerikanske forleggjarar laga nye illustrasjonar som flytta handlinga i boka frå Sør-India til dei amerikanske Sørstatane, med samtidas rasistiske avbildingar av afroamerikanarar. Dette gav seinare boka eit rasistisk rykte, noko Bannerman seinare fann ut og blei lei seg for.[1]

Seinare gav Bannerman ut fleire bøker, men dei blei ikkje like store suksessar.[1]

Ekteparet Bannerman vende tilbake til Edinburgh i 1918, der Wiliam døydde i 1924. Helen fekk slag i 1939, og blei sengeliggjande. Ho budde i 11 Strathearn Place saman med dottera Day. Her døydde ho i 1946 av blodpropp i hjernen.[1] Ho er gravlagd i Grange Cemetery sør i byen. Day gjorde ferdig ein uferdig tekst og bilete og gav dei ut i mora sitt namn som The Story of Little White Squibba i 1966.[1]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • The Story of Little Black Sambo, 1899
    • Norsk originaltittel Fortellingen om vesle svarte Sambo, 1949, seinare som Vesle svarte Sambo
  • Story of Little Black Mingo, 1901
  • Story of little Black Quibba, 1902
  • Little Degchie-Head: An Awful Warning to Bad Babas, 1903
  • Little Kettle-Head, 1904
  • Pat and the Spider, 1905
  • The Teasing Monkey, 1907
  • Little Black Quasha, 1908
  • Story of Little Black Bobtail, 1909
  • Sambo and the Twins, 1936

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 «Bannerman, Helen Brodie Cowan». Oxford Dictionary of National Biography. Henta 15. juli 2020. 
  2. Rootsweb, Helen Brodie Cowan Watson
  3. Edinburgh Post Office Directory 1862
  4. Kemp, Sandra; Mitchell, Charlotte; Trotter, David, red. (2005). «Bannerman, Helen». The Oxford Companion to Edwardian Fiction (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-811760-5. doi:10.1093/acref/9780198117605.001.0001/acref-9780198117605-e-59. 
  5. Jeyathurai, Dashini. "The complicated racial politics of Little Black Sambo", South Asian American Digital Archive, 4. april 2012
  6. Little, Greta D. (1. januar 2006). «Bannerman, Helen». The Oxford Encyclopedia of Children's Literature (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-514656-1. doi:10.1093/acref/9780195146561.001.0001/acref-9780195146561-e-0198. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Helen Bannerman