Helge Sverre Nesheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helge Sverre Nesheim
Fødd 9. desember 1919
Død

4. april 2012

Yrke skribent, journalist, barnebokforfattar

Helge Sverre Nesheim (9. desember 19194. april 2012) var ein norsk programskapar i Norsk Rikskringkasting, fødd i Skåre ved Haugesund.

Nesheim byrja arbeide som programleiar i NRK i 1950-åra. Han vart ei markert røyst i radioen gjennom Barnetimen for dei minste og Laurdagsbarnetimen, der han mellom anna formidla eigne forteljingar og viser. I 1959 tok han over leiarstillinga i Barne- og ungdomsavdelinga i NRK etter Lauritz Johnson. Saman med Ragne Tangen laga han i 1960 det fyrste norske fjernsynsprogrammet for born, «Kosekroken» som i fleire år kom på skjermen kvar fredag.

Nesheim både skreiv, omsette og redigerte barnebøker og samlingar med populære songar. Her kan nemnast hans eiga juleforteljing Imal, Levi og Lea frå 1956 og samlingane Morn igjen frå 1957 og De 100 beste for allsang frå 1961.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]