Helge T. Offerdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helge T. Offerdahl

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1855
Død

1938 (83 år)

Yrke farmasøyt

Helge Thomassen Offerdahl (18551938) var ein norsk apotekar og sakprosaforfattar frå Årdal.

Offerdahl gjekk i apotekarlære i Lærdal 1873-1877 og tok i 1880 apotekareksamen ved Universitetet i Oslo. Etter arbeid ved fleire apotek i Sør-Norge, tok han utdanning i næringsmiddelkjemi i Norge, Sverige og Tyskland. I Bergen vart han lærar og sensor i kjemi, retts- og politikjemikar og kjemisk konsulent ved Bergen Tollkammer. Han skipa Bergen Farmasøitiske Forening i 1895.

Offerdahl gjekk i 1912 i spissen for å skipa De-No-Fa A/S, som baserte seg på framstilling av margarin og andre matvarer av kvalolje. Det var næringskjemikaren Offerdahl som frå 1905 stod for det banebrytande arbeidet med å utvikla margarin av kvaloljen ved å herda feittet. For å overtyda skeptikarane om at kvalolje kunne nyttast som menneskeføde, brukte han seg sjølv som testperson og åt store mengdar kvalfeitt! I katalysatorprosessen vart det også nedfelt nikkel i feittet. Offerdahl åt også 500 mg reint nikkel dagleg i 30 dagar for å vise at det ikkje var skadeleg for menneske. Margarin av kvalfeitt var på store delar av 1900-talet det viktigaste «erstatningssmøret» i hushaldningane.

Offerdahl var medlem av styret i De-No-Fa A/S 1912-1922, og i representantskapet 1922-1938.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1923 – Om vitaminerne : hvad man officielt kjender til deres karakter og virkemaate (Kristiania: Cammermeyer)  [Noter: Særtryk av Norges apotekerforenings tidsskrifts farmaceutisk-videnskabelige del]
  • 1934 – Korte erindringer fra en svunnen tid : små minner om 65 års praktisk arbeide i den norske farmasi (Larvik) I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1986 – Norges apotekerforenings tidsskrift (Oslo: Foreningen)  [Inneheld: Apotekar Helge T. Offerdahl : grunnleggjar av den norske kvaloljemargarinindustrien / Henrik Andersgaard, s. 236-239]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]