Helgenattributt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heilage Laurentius med jarnrista. Kalkmåleri i Hald kyrkje i Randers i Danmark.

Helgenattributt er det kjenneteiknet helgenar vert avbilda med.[1] Dette er ofte den reiskapen som vart nytta til å pine og drepe helgenen om han var ein martyr. Andre attributtar kan visa til kven helgenen var eller noko han er kjend for, til dømes gjennom symbol som bispestav, ei bok (Bibelen) eller ei kyrkje.

Heilage Laurentius vert til dømes avbilda med ein jarnrist i handa av di han leid martyrdøden ved å verte steikt på ein rist. Etter same prinsipp vert den norske helgenkongen Olav den heilage avbilda med ei stridsøks i handa, ettersom han vart så skada av eit øksehogg i beinet under slaget på Stiklestad at han gav opp kampen og la seg forsvarslaus til mot ein stor stein, der han vart drepen av eit sverdkutt og eit spydstikk, slik Snorre Sturlason gjer greie for i soga si om Olav den heilage i Heimskringla. Den norske helgenen Sunniva vert avbilda med ei klippeblokk i handa. Dette viser til soga om at ho leid martyrdøden under eit steinras i ei hole på øya Selja i Nordfjord.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Helgenattributt