Helgesteinen

Koordinatar: 62°11′10″N 6°10′08″E / 62.186031°N 6.168956°E / 62.186031; 6.168956
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°11′10″N 6°10′08″E / 62.186031°N 6.168956°E / 62.186031; 6.168956

Bøna «Fredagsvessen». Teikning av Sivert Aarflot (1759—1817), slik han sjølv hadde sett og lese orda, skorne ut i runeskrift. Frå manuskriptet «Gudsdyrkelse og korssamlinger».

«Helgesteinen» er eit gamalt heilagminne på garden Brekke[a] i Ørsta. Det er ein nokså stor, rundvoren stein som ligg ved den gamle vegen som før i tida gjekk over Brekke[1].

I Noreg finst det mange segn og overleveringar frå tidleg kristen tid om religiøse samlingsstader ute i naturen, og vi har vitnemål om dette i namn som «Kyrkjesteinen», «Kyrkjehellaren» og liknande. I Ørsta er Helgesteinen ein slik stad, og truleg alt i katolsk tid (før 1537), vart han nytta som ein religiøs møteplass. Folk, det kunne vere ein eller fleire, samla seg ved steinen, kanskje på søndagane når det ikkje var gudsteneste i kyrkja, men truleg like ofte på fredagsmorgonane. Fredagen var fastedag frå gamalt av; då minnast folk Kristi liding og død. Eit gamalt seiande i Ørsta var: «Freidainn æ ’kje ørkjenne lik» (fredagen er ikkje yrkje(dagane) lik).

«Gudstenesta» ved helgesteinen gjekk gjerne føre seg slik at alle dei frammøtte knelte omkring steinen med folda hender, og ein av dei sa fram gudsord og bøn (væs) for dagen. Ei bøn til jomfru Maria, omtala som «Fredagsvessen», skal ha blitt nytta ved steinen, og etter Sivert Aarflot[2] lydde ho slik:

I dai æ dæ fredain; gu nå os, mi ha ikie fasta, so mi må.
I moriå æ dæ lourdain; da høyras klokå fyre himeriki slå.
I yfi moriå æ dæ sondain, gu gii mi hånå mute up nå.
Då kiome hain gulvararre[b] mæ gulkåpinne sinå, han seiie ti moy Maria: qveim æ so stænd fram fyr signadi kneaå dinå.
Då svara moy Maria: dæ æ signadi sånin minn: nagla giynå hand å nagla giynå fot å nagla giynå giarti rot.
Å sæl æ dæin, so fredains væssein lesi kain tre reyse[c] fredain fyr han fæ se mat.
Dæ ræinie[d] synda ta sælline likso hagla ta himila.
Gus or å amen.

Det skal ha stått eit kors oppe på helgesteinen, og det vart òg sagt at steinen snur seg rundt tre gonger kvar einaste julaftan.

Helgesteinen er varig freda etter kulturminneloven, kulturminne id: 92395-2 (sjå lenke til kulturminnesøk nedanfor).

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gamalt namn: Fitjarbrekka, som viser til god grasmark som ligg på ein bakke.
  2. gulvararre - Gud Vår Herre
  3. tre reyse - tre reiser, dvs gonger
  4. ræinie - renn (av å renne)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ørstaav Ivar Myklebust (1933) side 180
  2. Runetrolldom og ringstav frå etterleivde manuskript og prent, av Sivert Aarflot (1759—1871) (utgitt 1949) side 21–23

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]