Ørsta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ørsta
tettstad
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Areal 5,36 km²
Folketal 7 230 (2017)
Folketettleik 1 349 / km²
Postnummer 6150 ØRSTA
Innbyggjarnamn ørsting
Preposisjon i Ørsta
Wikimedia Commons: Ørsta (village)

Ørsta er ein tettstad og administrasjonssenteret i Ørsta kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden ligg ved botnen av Ørstafjorden, omkransa av Sunnmørsalpane, og har 7 230 innbyggjarar per 1. januar 2017.[1] Tettstaden omfattar heile den tettbygde delen av det tradisjonelle Ørsta sentrum og den tettbygde delen av Hovdebygda.

Ørsta er eit lokalt handelssentrum og er også eit senter innan møbel-, metallvare- og næringsmiddelindustri. Mellom anna har vegselskapet Saferoad og møbelprodusenten Fora Form kontor i Ørsta. TINE har eit meierianlegg lokalisert i Ørsta sentrum. Dette har vore truga av nedlegging som følgje av kostnadskutt, men drifta av anlegget vart vedteken ført vidare i 2016.[2]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

I Ørsta står monumentet Dyre Vaa laga over Ivar Aasen og monumentet Anne Grimdalen laga over Anders Hovden, som begge er fødde i Ørsta. Ivar Aasen-museet frå 1898 står i Hovdebygda sørvest for tettstaden, og er eit dokumentasjonssenter for nynorsk skriftkultur. I Ørsta ligg Møre Folkehøgskule og Ørsta vidaregåande skule. Tettstaden har symjehall, idrettsstadion og kunstgrasbane.

Her står også Ørsta kyrkje, ei langkyrkje frå 1864. Avisa Møre-Nytt kjem ut i Ørsta tre dagar i veka. 15 kilometer nordvest for Ørsta ligg skisenteret Ørsta Skisenter og 5 kilometer vest for tettstaden ligg museet Brudavolltunet.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Gjennom tettstaden Ørsta går Europaveg 39 (E39), den ytre stamvegen på Vestlandet. Vegen går vidare langs Vartdalsfjorden med ferje over fjorden til Sula og Ålesund (Festøya–Solavågen). Sørover frå tettstaden går E39 via Volda til Grodås i Hornindal kommune (Kvivsvegen). Frå Ørsta sentrum går riksveg 655 gjennom Bondalen og med ferje over Hjørundfjorden (Sæbø–Lekneset) og vidare gjennom Norangsdalen til Hellesylt i Stranda kommune. Om lag 4,0 kilometer sørvest for tettstadeen Ørsta ligg flyplassen Ørsta/Volda lufthamn, nær grensa til Volda kommune.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ørsta – tettsted». Store norske leksikon. 2015.09.14. Henta 07.09.2016.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)
  2. «Meieriet i Ørsta er berga». Sunnmørsposten. 22.06.2016. Henta 19.06.2017. 
  3. «Ørsta». Store norske leksikon. 15.08.2016. Henta 07.09.2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]