Hellandsbygd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hellandsbygd er ei bygd og ein liten tettstad i Sauda kommune, ved riksveg 520 mot Røldal. Hellandsbygd ligg ved Storlivatnet kring 16 km frå Sauda sentrum. I bygda ligg det ein liten skule, kapellet Hellandsbygd kapell og fleire vasskraftverk. Sauda I er det eldste kraftverket frå 1920. Sauda IV vart opna i 1970. Kraftverka leverer mellom anna straum til Sauda Smelteverk. Røldalsvegen mellom Hellandsbygd og Røldal er vinterstengd.