Helleristingane i Skogerveien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Taket over helleristningene er sett opp for å verna dem mot vêr og vind.

Helleristingane i Skogerveien i Drammen er eit felt med veideristninger frå sein eldre steinalder, ca. 6000 før nåtid.

Feltet består av to bergpanel rett ved sida av kvarandre, vestvendt og ca. 60 meter over havet. Det vert anteke at dei har lege i strandkanten då dei vart laga. Tilsaman er det 46 figurar, dei fleste av elg, men det er òg ein 2,3 meter lang kval, ein ubestembar fugl og eit dyr som har vore tolka som ein bever. Det er i tillegg ein del ubestemmelige teikningar. Dyra er utførte i ganske stilisert omriss og utstyrt med innvendig geometrisk ornering. Dette er det einaste veideristningsfeltet på Austlandet der det er avbilda både sjø- og landdyr.

Feltet vart funne i 1930. Då vart det òg funne eit tredje felt rett nord for dei andre, og som no ligg under gatelekamen i Skogerveien. På 1990-talet vart det oppdaga alvorlege tendensar til forvitring i bergflata, og det vart difor, i 2007, reist eit vernebygg som skal halda regnvatn og annan klimapåverknad ute. Ved arbeida ved detta vart det funnet ein bergartsøks av nøstvettype, som moglegvis kan ha ein samanheng med ristningene.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Egil Mikkelsen: Østnorske veideristninger – kronologi og økokulturelt miljø. Viking XL. Oslo 1977