Hellfjorden i Nordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°40′42″N 14°47′08″E Hellfjorden er ein fjordarm av Eidsfjorden langs grensa mellom kommunane Bø i Vesterålen og Sortland i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 6,5 km nordover.

Fjorden har innløp mellom Oksneset like ved Guvåg i vest og Hellfjordklubben i aust. I den ytre delen av fjorden ligg øyane Storøya, Ramnøya, Torskøya og Slåttøya midt i fjorden. Lenger inne ligg øyane Reinøyan og Teistøya. Vestpolløya er ei halvøy nesten inst i fjorden. Ho strekkjer seg nordaustover frå vestsida og vest for halvøya ligg fjordarmen Vestpollen. Frå her strekkjer Hellfjorden seg ein halv kilometer lenger nord til botn av fjorden. Det er ingen større busetnader langs fjorden og heller ingen vegsamband, men fleire smågardar ligg langs fjorden.