Vesterålen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eidsfjorden i Vesterålen
Nyksund i Vesterålen
Kart over Vesterålen og Lofoten i Noreg

Vesterålen er eit øydistrikt som ligg nordvest i Nordland fylke, rett nordom øygruppa Lofoten. Distriktet består av Langøya (tredje største øya i Noreg), Andøya, Hadseløya, den vestre delen av Hinnøya (største øya i Noreg), den nordlege delen av Austvågøya, og dertil fleire mindre øyar. Vesterålen utgjer eit tingrettsdistrikt og eit prosti som femner om kommunane Andøy, , Hadsel, Sortland og Øksnes. Distriktet har eit landareal på til saman 2 510 km2 og om lag 30 000 innbyggarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landskapet i Vesterålen er variert. Strandflata er godt utvikla mange stader, særleg på Andøya og langs skipsleia i aust. Frå strandflata, og dels rett frå havet, stig bratte fjellskråningar opp. Mange stader er fjella spisse, ofte med djupe botnar imellom, andre stader har toppane ei svakt bølgja overflate, særleg på Andøya. Høgste topp er Møysalen (1262 m.o.h.) på Hinnøya.

Berggrunnen består hovedsakelig av prekambrisk gneis, granulitt og granitt. I Vesterålen finn ein både dei eldste og dei yngste bergartane i Noreg. Bø har bergartar som er 3,5 milliardar år gamle, medan ein på Andøya (Ramsåfeltet) finn bergartar som er mellom 130 og 180 millionar år gamle. Møysalen og områda omkring er frå 2003 verna som nasjonalpark.

Dei største tettstadene er Andenes (i Andøy kommune), Sortland, Straume (i Bø kommune), Melbu (i Hadsel kommune), Myre (i Øksnes kommune), og Stokmarknes (i Hadsel kommune).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Næringsgrunnlaget er i stor grad knytt til fiskeria, og særleg er Bø og Øksnes typiske fiskerikommunar. Der strandflaten er brei, blir det mange stader drive eit utstrekt jordbruk. Husdyrhald basert på mjølke- og kjøtproduksjon er viktigast. Industrien er dominert av fiskeforedling og dertil noko verkstadindustri.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Ei rekke bruer knyter øyane både innbyrdes og med fastlandet. Kong Olavs veg går austover til Bjerkvik ved E6, og også sørover til Lofoten, avbroten av ferje på strekninga Melbu–Fiskebøl. Frå Sortland går fylkesveg 82 nordover til Andenes. Elles er det ferjefrie samband til alle tettstadene i distriktet. Hurtigruta er framleis viktig og stoppar innom Stokmarknes, Sortland og Risøyhamn. Det er også flyplassar ved Stokmarknes (Skagen på Laugøya) og Andenes; Andøya lufthamn, Andenes og Stokmarknes lufthamn, Skagen.

Fortidsminne[endre | endre wikiteksten]

Vesterålen er rik på fortidsminne og funn viser at det har vore busetjing der sidan yngre steinalder.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Navnet kjem av norrønt Vestrálar, som er plural av Vestáll. Det er sett saman av vest (vestri) og áll, truleg 'stripe', eller 'smal renne gjennom eit grunt farvatn'. Vesterålen er kanskje det opphavlege namnet på Langøya eller berre den busette stripa på vestsida av øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]