Helmet Peak på Livingston Island
Utsjånad
Helmet Peak | |||
fjell | |||
Helmet Peak frå Lyaskovets Peak
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Tangra Mountains | ||
Topp | Livingston Island | ||
• høgd | 1 254 moh. [1] | ||
- koordinatar | 62°39′S 60°01′W / 62.650°S 60.017°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Helmet Peak 62°39′00″S 60°01′00″W / 62.65°S 60.0167°W | |||
Helmet Peak er eit kjenneleg fjell med ei høgd opp mot 1254 moh. i Antarktis. Det ligg i Levski Ridge i Tangra Mountains på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane, like sør for munningen av Huronbreen. Det grensar til Devnya Valley i vest, Iskarbreen i nordaust, og Magurabreen mot søraust, og har ei stupbratt vest- og austside. Fjellet vart namngjeve av Discovery Investigations i løpet av perioden 1926–32.[2]
Plassering
[endre | endre wikiteksten]Fjellet ligg 2,45 km nordaust for Great Needle Peak, 1,66 km aust-søraust for Tutrakan Peak, 1,39 km sør for Intuition Peak, 1,17 km vest for Plovdiv Peak og 2,8 km nord for Radichkov Peak.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ L.L. Ivanov et al. Antarctic: Livingston Island and Greenwich Island, Sør-Shetlandsøyane (from English Strait to Morton Strait, with illustrations og ice-cover distribution). Scale 1:100000 topographic map. Sofia: Antarctic Place-names Commission av Bulgaria, 2005.
- ↑ «Helmet Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. januar 2009.