Hopp til innhald

Heme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturen til Heme b

Eit heme er ei gruppe som har eit jarn-atom midt i ein stor heterosyklisk organisk ring kalla porfyrin. Heme-grupper kan binde oksygen og finst i mange viktige molekyl. Det mest kjende av desse er hemoglobin som finst i raude blodlekamar. Ikkje alle porfyrin inneheld jarn, men ein stor del av metalloproteina som inneheld porfyrin inneheld heme. Desse blir kalla hemoprotein.