Hemoglobin A1c
HbA1c eller glykosylert hemoglobin A1c, er ein markør for nivået av glukose i blodet (blodsukkeret). Normalområdet for HbA1c ligg mellom om lag 4% til 5.9%.[1]
Glukose bind seg til ein spesifikk bindingsstad på hemoglobin i dei raude blodcellene (erytrocyttane) i ei irreversibel binding gjennom heile levetida til dei raude cellene, om lag tre månader. Mengda av glukose som er bunden til hemoglobin står i høve til konsentrasjonen av glukose i blodet, og kan målast ved laboratorieanalysar.
Personar med dårleg regulert diabetes mellitus har ofte høgare nivå av HbA1c enn det som er vanleg. Ein diabetikar med godt regulert blodsukker har eit HbA1c-nivå nær eller innanfor normalområdet (referanseområdet). Eit høgt nivå av HbA1c viser at reguleringa av sukkeret er dårleg.
Nivået av HbA1c er proporsjonalt med den gjennomsnittlege konsentrasjonen av blodsukkeret i ein periode på frå fire veker til tre månader, i praksis reknar ein dei siste seks til åtte vekene. (Somme endokrinologar meiner at hovuddelen av verdien skriv seg frå ein kortare periode; dei siste to til fire vekene før måling [2]).
Ein litt grov samanheng mellom HbA1c og gjennomsnittleg blodsukker er vist i tabellen under:
HbA1C (%) | Gjsn. blodsukker (mmol/L) | |
---|---|---|
5 | 4,5 | |
6 | 6,7 | |
7 | 8,3 | |
8 | 10,0 | |
9 | 11,6 | |
10 | 13,3 | |
11 | 15,0 | |
12 | 16,7 |
Endokrinologar meiner no stort sett at HbA1c-verdiar under 6.5% kan aksepterast og tyder på god kontroll (American College of Endocrinology: The AACE System of Intensive Diabetes Self-Management — 2002 Update); «normalen» er på om lag 4-6%. Det kan vera noko vanskeleg å samanlikna ulike måleresultat fordi:
- Laboratorieresultat kan vera ulike avhengig av analyseteknikk.
- Den biologiske variasjonen frå person til person kan vera opp til 1% (dvs to personar med det same gjennomsnittlege blodsukkeret kan ha HbA1c-verdiar med opp til 1% skilnad).